Produktvedlikehald

Vis at du elskar meg!

Ta godt vare på meg med riktig vask og vedlikehald, så vil eg vare lenge!

Regntøy

Regntøy vaskast på 40 grader fin/yttertøyvask med flytande vaskemiddel. Ikkje bruk ullvaskemiddel på yttertøy, hugs å slå av sentrifugen så vil plagget holde seg fint lenge. Sentrifugering vil ikkje ha nokon effekt på denne typen stoff, forutan at det vil øydelegge vanntettheten i lengda. Etter vask; vreng det, heng det opp og la det drypptørke. Eit regntøy treng ikkje bli vaska kvar dag, du kjem også langt ved å tørke over med ein våt klut.
Ikkje bruk tøymjuknar!

Om plagget er vått etter leik ute, er det viktig å henge det opp til tørk på ein luftig stad. PU-stoff vert øydelagt om det ligg vått samanbretta, tildømes i ein pose over tid. Har du bretta opp ermene ute i regnet, er det viktig å brette dei nedatt, så ermene får lufttørke.

Vi har ikkje lengre ekstra knapper i plagga våre, då ein sjeldan finn dei når ein treng dei. Slik sparer vi miljøet for mange unødige knappar.

Om du skal være uheldig å miste ein knapp, finn du ekstra her: https://kattnakken.no/collections/vedlikehald 
Lause fotstrikkar får du også kjøpt i nettbutikken.

Ull

Ull må vaskast med ullvaskemiddel på ullvask. Kattnakken sitt ull tåler 30 graders ullvask.
NB! Ikkje bruk tørketrommel for då risikerer du å øydelegge ullet.  

Ull krympar ca 2-5% i vask, men dei mørke fargane vil krympe mindre enn dei lyse fordi dei alt er vaska hardere enn dei lyse under innfarginga.

Kattnakken anbefalar eit ullvaskemiddel som ikkje inneheld Lanolin men som er mildt mot huden. Sjekk gjerne helsekosten. Sjølv har me gode erfaringar med BabyDan og På Stell sin Ull-Shampo som også kan brukast på saueskinn. (På Stell sin ullshampo finn du no under tilbehør her i nettbutikken).

Det fine med ull som også gjer det så miljøvennleg er at det blir reint på 30 grader. Ullfiberen treng berre 30 grader for å opne seg opp og sleppe skiten den måtte ha innimellom fibrane.

Me anbefalar å vaske alt ullundertøy for seg sjølv. Med dette unngår du at ullundertøyet kjem bort i skarpe kantar frå andre plagg som kanskje har glidelåsar og borrelåsar. Om du har eit ullplagg med glidelås så hugs å lukke glidelåsen og vask den i ein vaskepose.

Av og til kan det vera lurt å sjekke vaskemaskintrommelen for skarpe kantar eller gjenstandar som har fulgt med inn via ei lomme full av skattar, som småstein og spiker!

Bomull

Bomull vaskast på 40 grader med liknande fargar og utan skyllemiddel. Eg blir veldig svimmel av tørketrommel!

Meld deg på vårt nyheitsbrev og få -15% velkomstrabatt

Me seier i fra om me har nyheiter eller er ekstra greie på pris. Du får og inspirasjon, råd og tips.